Gule skjørt

Du må slutte å gå i gule skjørt
om du ikkje orkar bli lagt merke til  

Naturleg visdom

 

Trea rundt meg er så gamle
Over alle mine år

Eg spør om dei har visdom å dele
Tusen bøygde greiner nikkar 

 


Blomstrande



Fredfull



Frå innsida og ut

Mange har spegla seg
i glaset ditt

Sett det dei er redde for

Du er ein fisk i ein glasbolle
eg såg ikkje i glaset

Symjde saman med deg frå dag éin 

Nokre dagar er merkelege



Å forsvinne



men framleis vere der 

 

Hugs

Fint for dei inni
sirkelen din

Liv er overalt då 

 

Då eg oppdaga at eg kunne danse

Heile livet har eg trudd
at eg ikkje kunne danse

Men det kan eg jo

Det satt i hovudet
medan kroppen heile tida
visste

Det er alltid ein dans i meg
og denne dansen reflekterer
sjølve livet  
 

Lite tid

Sola skin i dalar 
vi ikkje har vore i
pga. for lite tid  

Bak gardiner

Ser du jenta på bildet?

Kva trur du ho treng?

Få alt fiksa?
Kan vi leve i ei verd der alt er fiksa?
Det høyres tomt og stivt ut.

Bak gardiner er vi inntukla i
alt som er skummelt og vanskelig
Spesielt viss gardinene er tjukke,
då kjem det ikkje lys inn.

Eg trur ho treng:
å få trekke frå gardiner
lys
vere saman
åpent

Sjå gardinene som blafrar i vinden.

 
Det er så mykje støy i verda. Kan vi ikkje berre sei det vi eigentlig tenkar på? I staden for å gøyme oss bak tomme ord, tv-ar, datamaskiner, øyretelefonar. Sjå på kvarandre. Seie det hjartet fortel oss. Formidle det hjartet bankar for til dei rundt deg. Vere der du er med heile deg slik at du kjenner at det er godt å vere deg. Det er den største gåva du kan gi til deg sjølv og andre, å gi det rommet til både deg sjølv og menneska rundt deg. 

 

Inspirasjon: Bak gardiner - Sigvart Dagsland
Me sko ha trukke frå gardiner og åpna dører
Lagt av oss adle falske miner, la adle hørra
kor ensomme me e 

 



Einsame vegar

La det vere heit klart:
eg har meir å komme med.
eg har ikkje tenkt å stille meg i kø.

kvar dag, kvar einaste dag går eg nye vegar.
einsame vegar. eg trur du står bak eit tre.
eller du er i midt-østen.

gå framom greina.
hopp på eit fly.

eg ventar heile tida sjølv om eg ikkje gjer det. 




Vis meg kor mykje du forstår

Heile meg skal vere til stades, og du vil sjå heile meg. Ser du alle stjernene på himmelen? Alle stjernene i auga mine, i ansiktet mitt, rundt meg. Vil sjå heilt inn i deg og dra dram alle dine stjerner, for det har eg aldri klart å la vere. Det er ikkje berre det som er fint som er stjerner, tårer glitrar dei òg. Sjå på oss som vasar. Vi prøver å halde oss høge og vakre, men kva om vi berre let alt flyte avgarde? Det er dei flytande filmane eg likar best, dei eg synast er vakrast, og du kan flyte med meg. Om ikkje flyt eg avgarde likevel, for det har eg heller aldri klart å la vere. 




Ragnhild flyr snart på ferie

Ja, endelig. Endelig er det min tur til å reise på ferie. Her kjem eg:


moi, une


moi, deux

 

Og ein ting til:
kvifor ikkje gjere meg skikkelig glad med å trykke

HER (eller på iconet under)
bloglovin

og gje meg ein pakke i posten til eg kjem heim. (11.august.) 

profiter de la journée




Sjå til sida

Eg syklar ikkje fordi det gjer meg godt, heller ikkje fordi eg har lyst. Eller, eg kadde kansje lyst i starten, men det var før eg fekk denne enorme tranga til å trøkke så hard i oppoverbakkane.

Det har ikkje blitt tid til å sjå til sida, eg er redd for at tapet av det skal gi meg så dårlig sidesyn at eg vil ha problemer med å sjå noko anna enn rett fram. Ein evig veg, fram, fram, fram, som aldri vil ta slutt.

Det er ikkje sant at målet rettferdigjer midlane. Eg hatar slike uttrykk. For når du mistar meininga på vegen, mistar målet meininga. 





Skyhopper

Nokre dikt må eg kunne 
fylle med postivitet

Noko poesi må eg kunne skrive
som løftar meg opp

For eg kan gå på skyene
hoppe frå sky til sky

Stjernene er så nære at dei
glitrar meg i håret

Alt er så langt borte at eg
er på toppen av universet  
 









 

Matmagibøker

Det er to bøker eg har gått og kikka i kvar gang eg har hatt anledning i sommar. To herlige matmagibøker som er heilt spesielle og har alt eg vil at kokebøker skal ha. Det er heile livsstilsbøker, kunst rett og slett. 

FROKOST av Camilla Jensen

Eg vart så lykkelig når eg fann denne boka. Heile ho skrik jo økologisk! livsnytande!, og innhaldet svarte verkeleg til forventingane. Det er så utrulig vakre ord og tekstar og oppskrifter og bilete i denne boka. Den er så vakker at eg smeltar, OG draumer meg bort når eg les i ho. 


Den vakre forfattaren fokuserer mykje på etisk og rettferdig mat, økologisk mat, lykkelige og koselige morgonstunder, og kosthald utan kvitt mjøl og mjøl. Som sendt frå himmelen! Boka er også i økologisk papir, og eg syns det gjer sidene ekstra fine. Eg har akkuratt starta med å stå opp tidlig og ha lange og deilige morgonstunder, så ei bok med hundrevis av deilige frukostar er midt i blinken. Morgonar, og frukostar, er ei stund til å nyte og samle energi og livsglede, og det skriv Camilla mykje om i Frokost. 


Dinna herlege måten å lage omelett på testa eg i går, når eg, søstrene mine og Johanne laga superkvelds. Og det vart ein super kvelds.


Her er første bakverket eg laga frå boka. Det var santnok eit banankardemommebrød med honning, men vart til eit banankardemommebrød utan banan og kardemomme då eg fant ut at vi ikkje hadde nokon av delene. Men boka, og ikkje minst meg sjølv, oppfordrar jo til å ikkje la ingredinesar stoppe seg, men vere kreativ! Så eg brukte ingefær, og mykje honning. Herlig.



SALIG BLANDING av Renée Voltaire

Denne boka fokuserar litt meir på emnet superfood, som er blitt meir kjent i det siste. (Matvarer som er lite behandla med veldig høg næringsverdi, t.d.gojibær.) Eg synast det er interessangt å blande det inn i kosthadet mitt. Det er utrulig kva ho får til å lage av alt mulig forskjellig, eg gledar meg veldig til å prøve ut. Renée har også eit veldig godt matmerke, der du får mykje spennande og gode produkt. Ho skriv mykje om å glede seg over mat, og ha det kjekt på kjøkkenet. Det er noko eg set høgt!


Nam nam, ingenting er som superfood sjokolade. Ekte, sterk kakao med tusen deilige kombinasjonar.


Jippi, lykkelig mat og lykkelige menneske! Det har eg stor tru på. Det er så kjekt å kombinere noko av dei to beste tinga i verda, og begge byrjar på M: mat og mennesker! Skjønt at menneske tross alt ikkje er ein ting. Men de skjønar poenget. Som Renée pleiar å seie: peace, love and food. 

HAPPY COOKING EVERYONE, kik i bøkene i bokhylla på den bokhandelen du går forbi, kjenn korleis inspirasjonen, matgleda og livsgleda blomar. Det skal den gjere hos meg heile året. 










Alle gode ting er tre

I dag kjem første innlegg i min nye kategori, matmagi. Mat, spesielt den økologiske, er magi. Det er mykje negativt fokus på mat i samfunnet. Korleis unngå det som er godt. Korleis unngå å ete feil/for mykje. Korleis ikkje legge på seg.

Kva med å fokusere på alt det som er vakkert med mat? At vi har nok mat i Noreg, er ei gåve. Derfor må vi ta vare på det vi har, men også nyte det! Mat gir næring til kropp og sjel, og mat laga med kjærleik og kreativitet kan gjere heile dagen. Et det du elskar, nyt kvar einaste bit. Men vel gode og naturlege variantar av den maten, og lytt til kroppen. Kva er godt for deg, og kor mykje kjennast godt å ete til kvart måltidig, og kor ofte kjennast passeleg ut? 

Velsign maten med kjærleik, ver venn med maten. Med eit balansert forhald til mat, i staden for eit anspent forhald, vert ''alt'' så mykje enklare, og ikkje minst betre. Og mat skal jo vere godt. Du fortener god mat.

 

Herlig 3 - retters / 3 måltid

VEGETARISKE KEBABKAKER MED LAUK, SOYAOST, AVOKADO OG ØKOLGISK BRØD


* vegetariske kebabkaker frå anamma (eller heimelaga)
* soyaost  
* økologisk brød (eg bruke esekielbrød, eit herlig brød frå helsekosten)
* lauk
* krydder (urtesalt, feks trocomare, basilikum
* olje til steiking
* kreativitet

Kebabkakene er steikte i lag med lauk, ost og krydder. Skiva er steikt med ost oppå. Avokadoen er delt, der litt er i bitar, og litt er laga guaccomale av. 


ØKOLOGISKE KANELBOLLAR AV SPELT, MED KAKAO (OG AVIS!)


* økologisk fint speltmjøl (helios sitt er veldig godt)
* litt økologisk hirse (valfritt)
* litt økologisk havregryn (valfritt)
* økologisk kanel
* økologisk kardemomme
* bakepulver/gjær
* agavesirup 
* plantemargarin/nøytral olje
* økologisk rismjølk
* litt havsalt 
* kjærleik 

KAKAOEN
* rismjølk
* kakaopulver
* agavesirup (evnt. rørsukker)
* krydder (valfritt, t.d. kanel, nellik, ingefær)

Bollane er inspirerte av nokon eg kjøpte på Helsemeny i Bergen (i Marken). Eg syns det var ein så fin måte å lage kanelbollar på, og ikkje minst herlig lett. Du tek kanel i deiga, og så legg du perre store ''plattar'' med deig på brettet, og smører dei med agavesirup, smør/olje, kanel, og evnt. eit dryss av havsalt. Mmmm!

- Servert med varm kakao, og avis (her: Standpunkt av nei til eu), blir det heilt topp.  
 

ENERGIKULER MED KAKAO 


* havregryn som basis
* valfrie kornsortar, feks hirse, hempmjøl (veldig proteinrikt, fåast på helsekost)
* agavesirup/syltetøy søta med fruktkonsentrat (av merket france passar fint) 
* olje/plantemargarin
* rismjølk (er naturlig søt) 
* kakaopulver
* smaksvariasjonar, her gojibær, kakaonibs (rå kakao i bitar) og sesamfrø
* havsalt
*fantasi

Når eg lagar ekstra sunne variantar av desse kulene, som er, kallar eg det energikuler. Dei er veldig enkle å lage, det er bere å ''mose'' alt, og lage kuler som du set i kjøleskap. Dei er perfekte før og etter trening, som mellomåltid, eller når du treng energi. Når eg lagar ein ''dessertvariant'' kallar eg det sjokoladekuler. Då er dei søtare, feitare, og kun med havregryn. Det gjeld forsåvidt for all mat eg lagar. Eg et gjerne søt og god mat når som helst, men til kvardags vel eg heller agavesirup enn rørsukker, grovare korn enn fint osv. Finn din rytme!  

Har du spørsmål eller tilbakemeldingar, svarer eg gjerne. Eg håpar matmagi-postane kan vere til inspirasjon, og har du ulike allergiar/matpreferansar, eller følgjer eit speseilt kosthald, svarer eg gjerne på kreative måtar å laga mat som passar til deg på! I matveien gjeld det nemlig å vere kreativ. Ikkje set begrensingar, sjå mogelegheitane. Mat er eit hav av HERLIGE FANTASTISKE GODE FINE VAKRE INSPIRERANDE VARMANDE LYKKEGIVANDE SMAKFULLE MAGISKE mogelegheitar.

Hugs: mat er magi, ein velsignelse - og til for å nytast! (Og alle gode ting er tre.)

Du er nær meg

Slutt å fortell meg om
nedbrente hus og
personar med hjerneblødning

Eg har høyrt nok, orkar det ikkje
Det er ikkje nær meg,
likevel tek eg det tungt

Eg vil heller høyre om deg









 

 

10 gode alternativ

Vi gjer val heile tida, og du kan velje om du vil ta gode eller dårlige val. Når det er varer du kjøper regelmessig, kvifor ikkje velje det gode alternativet, i staden for drittalternativet?

Eg er overraska over kor mange som bruker drittprodukt, som som oftast er dårligare kvalitet på, er mindre miljøvennlige, etiske og ikkje minst estetiske.

Derfor vil eg dele ei liste med 10 gode alternativ, som eg håper kan inspirere, og ikkje minst glede. Både deg og verda.

10 GODE ALTERNATIV

1. Urte/økologisk/fairtrade-te framfor billig-te
Det finnast så mange herlige te-ar der ute. Og te er forresten ein av dei enklaste måtane å handle eit godt produkt av. Det kryr av både gode, økologiske og fair-trade urte-tear og andre typar tear. Helsekosten, økologiske butikkar, globalmat/asiatisk, og andre matvarebutikkar med godt utvalg pleier å ha mykje å velje mellom. 

Eg anbefaler mellom anna vata te (ayurveda), women's energy (yogi-te) og peppermyntete (helios). Denne typen te både smakar og gjer betre.


 2. Speltmjøl framfor kvitt mjøl
Kveitemjøl er verkeleg ikkje noko å annbefale. Det var spelt som vart brukt før i tida, før kveite tok over. Det er det ein verkeleg kan kalle eit billig drittprodukt. Det utkonkurerer gode alternativ, og tar ingen hensyn. Dessutan tålar dei fleste spelt betre, då det er meir mildt, og mange er einige om at det er meir næringsrikt. Eg merkar stor forskjell på om eg et kveite eller spelt. Spelt følast mykje mildare for kroppen, og gir meg meir energi og mettheit.


Dersom du i tilegg veljer økologisk speltmjøl, har du eit produkt som er laga meir miljøvennlig og etisk, fordi dei fleste økologiske merke er meir bevisste, og har meir rettferdige arbeidsvilkår. (Her er helios verkeleg å anbefale). Dette får du også på helsekost, og på ein del asiatiske butikkar, pluss at du får standar-mjøl-merket sin variant i vanlige matbutikkar.

3. Rørsukker framfor kvitt, raffinert sukker
Det kvite sukkeret er kansje det største drittproduktet av dei alle. Framstillast billig, og på ein kynisk måte har (nokre) produsentar gjort mykje for å halde konkurrentar unna markedet. Dessutan er det smaklaust, og pakken ser heilt forferdelig ut. 

Rørsukker smakar betre, ser betre ut, er ein meir rettferdig vare, er som oftast økologisk, og har med heile sukkerrøret, slik at det er meir næringsrikt, OG er framstilt på ein mykje mildare måte slik at kroppen fordøyar det betre, og næringa er betre beholdt. Eg har hatt perioder der eg tålte sukker dårlig, og fekk hovudpine av kvitt sukker, men ikkje av rørsukker. Det seier vel sitt.
 
4. Naturlig shampoo/balsam/såpe framfor dei ''unaturlige'' variantane
Også her finnast det mykje vakkert å velje mellom. Bodyshop har godt utval, dei har også økologiske og nedbrytbare seriar. Rainforest-serien er hårpleieserien eg brukar, som finnast i ulike variantar, etter hårtype. Den er utrulig god, naturlig og økologisk. Bodyshop jobbar mellom anna for rettferdig handel og community-trade. Dessutan er dei i mot dyretesting. Det er også massevis av gode såper å velje mellom. Ting-butikkane sel også naturlige såper. 


 5. Naturlig sminke framfor kunstig sminke 
Mykje av det som finnast på sminkemarkedet er ikkje bra for huden, og mange reagerer på det. I tilegg er mykje av det testa på dyr. Naturlig sminke er betre for både huden, dyra og planeten. Også her har Bodyshop mange gode produkt, men det finnast også mange andre produkt om ein leitar seg fram.

6. Naturlige vaskemiddel framfor ''gift''-vaskemiddela! 
Veldig mange vaskemiddel er ubehagelig sterke, og har ikkje serlig gode stoff i seg. Dei som er følsomme reagerer gjerne på det, og det er ikkje alltid dei luktar så godt heller. Jiff, til dømes. Kva med å velje herlig duftande, pleiande vaskemiddel?

Også her er det kommen mange gode alternativ. Det eg kjenner best til er ''Maison Belle'', av Isabella Smith. Ting fører desse produkta. Du får naturlig vaksemiddel til bad, golv, klede, glas osv. Neutral har naturlige vaskemiddel til klede, og helsekostbutikkar o.l. har andre naturlige alternativ.

7. Økologisk sjokolade/peanøtt-smør 
Mange er veldig glad i desse pålegga, og handlar dei ofte inn. Når ein først har desse produkta, kvifor ikkje velje økolgisk? Då slepp du det kvite sukkeret/herda fettet, og får ein betre smak på kjøpet. Spesielt blant økologiske sjokoladepålegg finnast det  mange som er himla gode. 

8. Resirkulert papir framfor uresirkulert papir
No er det gledeligvis komt mykje flotte resikrkulerte papirprodukt. Eg er spesielt glad i produkta til ecojot. Dei har skrivebøker i alle slags typar, og fine kort. Skrivebøkene er rett og slett magiske. Eg har dei med meg overalt, dei er mine trufaste vener, og ei stor inspirasjonskjelde. 


 9. Fairtrade-kakao/kaffi framfor vanlig kakao/kaffi

Desverre er det litt vanskelig å få tak i fairtrade-kakao i Sogn og Fjordane, men dersom du er så heldig å ha det, er det ei god innvestering. Kakao og kaffi er som oftast importert frå u-land, og spesielt kakao er kjent for å komme frå dårlige arbeidsforhald. Derfor er desse produkta skikkelig bra å kjøpe fairtrade.

10. Økologisk sjokolade
Namnamnam! Det finnast så mange gode økologiske sjokoladar. No er det også kommen mange ''superfood'' sjokoladar, med agavesirup og råkakao, der all næring er ekstra tatt vare på og smaken er veldig fylidg. Det finnast også mange alternativ utan mjølk. Dei økologiske sjokoladane brukar også som oftast rettferdig kakao, og rørsukker. Heilmaks, rett og slett! I helsekostforetningar, som kinsarvik, kan du vasse i herlige tilbud. Også coop har tatt inn ein del, og økologiske caféar. Leit deg fram, det er mykje godt å velje mellom!

VELKOMMEN TIL EIT HAV AV GODE ALTERNATIV, OG LYKKE TIL.

// Peace, love, and a fair and healthy world!  


 

Rosendal - naturterapi, kunst og poesi


 På Rosendal kunstcafé fann et dette nydelege biletet av Bjørg Thorhallsdottir 

Er det ikkje vakkert? Eg ønsker meg det til jul - både biletet og draumeprinsen!

Her er nokre av dikta eg skreiv medan eg venta på kunstcafén for å gå til Rosendal naturterapi. 

ANGST I KOPPEN
Eg veit jo at det vakre er der
men med så mykje

angst i koppen
korleis føle det i kroppen?





HANDA MI ER SÅ SKJØR
Handa mi er for skjør
til å bere klokka mi nett no

Derfor har eg tatt den av
redd for at den skal

Skjære meg i kantane
eller knekke handleddet

LET THEM
If I think good people can say no wrong
I'm a fool
so let them

Eg har fleire dikt i frå Rosendal, som vil komme dalande etter kvart.
Bonne nuit, et viva la vida ♥

Gammal musikk

Musikken sa du, du ville gjerne høyre meir. Men eg var lei av dei sangane, 
og ville heller lage ny musikk.

Det verka som om du tok det som ei slags fornærming, men det var MINE
trådar eg ikkje orka å spinne opp att. 

Derfor la eg det bere bort. Og du fortsette, og kom mykje lengre enn meg.
Heilt til det var vanskelig å møtast på midten, eg var synke langt ned.


p.s. No er eg byrja å poste teikningane mine, så alle er sjølvlaga så lenge det
       ikkje er annan info. Det same gjeld foto. 

 

 

Rosa neglelakk møter blanke negler

Rosa neglelakk møter blanke negler prøvande, men lystent. Store ord møter rolig sinn, med rom for å ta inn. To par auger gnistrer, og farga lepper møter lyse. Langt hår rører ved kort, og lange bein stryk andre lange bein.

Vipper vipper for kvarandra, og dansar dansar for kvarandre. Musikk spelast for berre denne eine, og luftige klede flyr.

 





Eplefunn

Du har eit vakkert tre, med mange epler. Du vil gjerne plukke opp alle som dett ned. Slik har eg det no.

 

EPLEFUNN

♦ symaskin, bernina berndette 46

No skal eg lære meg å sy. Heldigvis har eg mamma og veninner som kan hjelpe meg, ettersom eg har sydd ganske lite i livet. Men det skal det bli ein forandring på! Eg har stoffet, fargane, ideane, oppskrifter/bok og kreativiteten, så det er berre å få inn teknikken og la det flagre!

♦ mobil, htc incredible s red


Endelig kan eg få spotify på mobilien og ha med meg vakker musikk rundt om i verda. Eg visste det var dinna eg måtte kjøpe, eg hadde nemlig ein draum der eg hadde ein mobil med akkuratt dinna fargen. Skjebnen.

♦ haustkolleksjonen til Rice 


Ahh, det skal bli så kjekt og innrede ny hybel til hausten. Eg har bestillt cushions, tepper og sengeteppe, det blir kjempekoslig! Ikkje minst er Rice eit merke med fairtrade-prinsipp, mange gode prosjekt og rettferdige arbeidsplassar i den 3.verden. Anbefalast! Du finn dei mellom anna hos Ting, der eg jobber. 

♦ vårkolleksjonen til Oleana
 
Topp 176 VVårkoleksjonen til Oleana er rett og slett vakker. Som å bevege seg i draumar. Og det er ein del av bodskapen deira, at vi må kjøpe vakrare klede av miljøvennlege stoff, i staden for mykje, billig, umiljøvennlig og uetisk. Eg er veldig enig. 

 ♦ plata til Veronica Maggio


Heeeeeerlig! Satan i gatan tar sommaren med storm og skapar lykkerus, sommarkarusellar og vindsus! Ikkje minst har Veronica Maggio fin girlpower energi, gir deg akkuratt det motet du treng. 

♦ tyrkisk eplete frå Black Cat

228 Tyrkisk eplete

Te er nøkkelen til god konversasjon, og ikkje minst avslappning! Og her snakker vi om eplefunn, så kva er ikkje betre enn tyrkisk eplete? Den er forresten veldig god.


♦ knallrosa lebestift frå bodyshop

magi på boks! fargar er vakre, og rosa er i mine auger vakrast. Den lille desjen som gir deg lyst til å smile og springe og kysse den neste du møter på! (Får eg nemne at bodyshop er av det beste du kan velje? Naturlig og rettferdig handel.)


♦ bøker som lærer deg om livet

 Først trudde eg dinna boka var heilt sprø, samtidig som den var veldig bra. Så fann eg ut at den var heilt menneskelig. Og Sofi Oksanen skriv som ei gudinne. Ho er mi nye heltinne! Vakkert og sårt om angst, og å prøve å klare seg i livet utan å vere heilt aleine. 

Det er så fint når du finn det som er deg. Det kan vere på alle plan. Det som kjennast riktig. Det som får det til å gnistre innvendig, som gir deg krefter når du treng det som mest. Det du vil danse for!

Finn dei tinga i livet som gir deg insirasjon, mogelegheitar og lærdom. Eller skap det. Det som er deg, og det du har inni deg! Så er det berre å MALE SOMMAREN. 

Og eg har bestemt meg for å spre bodskapen om å velje etisk og økologisk, så ta dei vakre orda med inn i sommarmaleriet. Eg håpar det blir vakkert. 

 

 

Advarsel

WARNING

To love a man wholly
love him
feet first
head down
eyes cold
closed
in depression.


It is too easy to love
a surfer
white eyes
godliness &
bronze
in the bright sun.

Alice Walker

Så sant så sant. Det handlar om å sjå heile menneske, og ikkje berre det som er utanpå. Det er når
du gjer det, at du får oppleve det som er ekte. Det er både fint og vanskelig, men det er sterkt
- slik at det ikkje smuldrar opp når sola forsvinn.

Forandring

Eg er blitt heilt Sigvart Dagsland frelst i dag. Musikken hans har brakt meg gjennom dagen og farga den med vakre fargar. Eg leste først eit intervju med kjærasten hans i ''Magasinet'' i går, Karoline Kruger, som var veldig fint. Ho sa mykje interresant, som at

1) Når du har det vanskelig som ung er det lett å tenke at det alltid vil vere slik - og derfor er det så viktig å formidle at det alltid kjem lysare dagar.

2) Ho vil ikkje bli dømt utifrå å vere religiøs, og at det gjer ho ikkje noko meir prippen enn andre. Det syns eg er eit viktig tema. Ho mente også noko om at nokon intellektuelle på venstresida uttalser seg om folk med religion som overfladiske, uten at det gjer ho noko meir overfladisk enn andre. Det syns eg er viktige tema å ta opp. Det er så fort å sette folk i bås, spesielt når ein skal vere politisk korrekt. Det må vere rom for åpenheit og forståing. Vi er alle ulike, og vi tenker og trur ulikt. Det er ikkje berre ein måte å gjere noko på. Vi kan følge ein sti og endre den på vegen, eller vi kan lage vår eigen, og finne inspirasjon ulike stader. Til dømes når du er sosialist, er også fort å bli satt i bås. Men det betyr ikkje at vi står for det absolutt alle sosialistar har gjort, eller at alle sosialistar er like. Det betyr at vi trur på sosialisme, og vil bruke det til å forme samfunnet på ein god måte. Sånn er det med religion og. Du treng ikkje tenke alt alle før deg har tenkt, og du treng er ikkje nødvendigvis lik alle med samme religon som deg sjølv.  Du har funne ein veg du syns er bra, og så kan du forme den utifrå dine verdiar. Å bygge bru mellom sosialisme og religion er viktig både for begge partane, for forståelsen sin del, respekt, fordi verdiane ofte går hand i hand, og fordi det fullt ut må vere mogeleg å bevege seg innanfor begge dører.

3) Den østelige åndeligheita har gitt ho inspirasjon, med fokus på latter og glede, og å finne ro. Vestens samfunn er jo veldig stressande, og opptatt av prestisje, så eg trur vi alle kan lære mykje av østen.

Det er fint at vi har norske kjendisar som er så åpne, reflekterte og modige, og som tar opp viktige tema. Etter dinna inspirasjonen, tenkte eg at eg måtte høyre meir på musikken til Sigvart Dagsland, som eg kjenner til frå før. Han har så mykje vakker musikk. Spesielt albumet ''Forandring'' er nydelig. Det handlar om mykje av det som Karoline snakka om, som Sigvart også synge om. Å vere åpen for forandring, finne nye rom, sleppe seg fri. Mange av tekstane handlar om einsemd, livet, menneska, følelsar og å finne fram. I dag er det mykje musikk som kan kallast ''vås'', og då er det så fint med den musikken som tør å stille spørsmål, filosifere, og snakke til hjartet til lyttaren.

 
det e et rom i huset
som eg aldri går te
det e et sted i hjerta
som eg aldri når te
det e ein sang i rommet
som eg sjelden hørre
- eg kan bara ana tonen bak ein dør

men eg kan våga meg litt nærmere enn før
eg vett at dørå lar seg åpna om eg tør
å mista grep om livet
eller la alt drive
fritt mot horisonten

Et rom i huset

Litt tankar om tankar

Eg øver meg på å la ting gå. På å la livet gå. Og å gå med.


Tankar

Ein tanke kan kverne heile dagen, utan at det er ein viktig tanke. Det er ikkje det som blir med deg vidare i livet, sjølv om det kan virke irriterande betydningsfullt der og då. Eg har lært kor viktig det er å slappe av i tankane. Sjølv om alt vi ''må'' få å til og fullføre og rekke og ordne op i kan vere stress, så treng vi ikkje å reagere med stress. Det vil nok ikkje gjere det noko verre om du smiler til deg sjølv, gjev deg lov til å nyte augneblinken og la bekymringane fare av garde.

Noko fint er jo at ein ofte oppdagar nye, spennande ting fordi noko fekk deg til å leite etter det. I det siste har eg funne kreativ og frigjerande dans, ei vakker bok om kanduliniyoga og livet, og akkurat den blomstermedisinen eg treng. Eg har febrilskt plukka opp tjukke bøker og lest meir inntenst enn på lenge. Og ikkje minst, eg har levd meg inn i musikk. Dei to albuma eg høyrer mest på no er ''The Sound Of The Smiths'' og ''Fivrel''. Magi begge to.

Kansje mest av alt, så kan kvernande og irriterande tankar gjere at du må pushe deg sjølv til å verkeleg høyre etter, verkeleg sjå, verkeleg leve her og no, verkeleg gjere noko, verkeleg finne gledene rundt deg, verrkeleg sette pris på det som er. Og så får vi nye inntrykk, som gjer det lettare å gje slepp på det som var, tek oss vidare i livet og skaper rom. Rom for deg sjølv, rom for andre, rom for det som er, rom for livet - som heile tida beveg seg åpent framover.

 

 

Svart og rosa/Rosa og svart

I små augneblink har du alt. Då skal det berre ein ting til for at du har alt. Så då er det ikkje det at ein treng alt for å ha alt, det er gjerne ikkje eit så stort hav av ting som må fiksast for at det skal gå bra, som vi trur.

 









Lykkelig av å tenke på

Snörsko i skinn

Når eg går i dei rosa 
snøreskoa og snører dei
Ser oppover, rundt meg

Går framover i framande gater
fleire av dei, og alt i
Då skal eg vere lykkelig

 

foto frå gudrun sjöden

 

Den gode følelsen av at nokon er glad i deg

Å, det kjennest så herlig å vete at du har gjort nokon glad, at dei forstår kva dei betyr for deg, kor vakre dei er, og at dei smiler tilbake til deg med kjærleiken som veks og ikkje minkar til meir enn gir han bort.

Eg kan sitte og smile, eg kan kjenne den gode følelsen som rommar meg når eg veit han har romma deg.

 

Dans la ville de Sylvia

Eg dansar etter ein franskmann som leitar etter kjærleiken
han har ei skisse av henne

men finn ho ikkje

og eg dansar alle følelsane eg kan få ut

Det vert ikkje sagt så mykje, men vi beveg oss mykje
rundt oss er det jo mange som snakkar

vinden kjem

og plutselig er det rom for nye skisser

 

Varmen i kulda

Who walks down the frozen streets
so lighthearted and unprotected

 

Det er blitt iskaldt ute. Det kan føre til både det eine og det andre. Kulda kan gjere så vondt at du mistar fokuset, eller den kan hjelpe til å finne fokuset.  Hald auga åpne, for både deg sjølv og andre. Og ikkje gløym verda. Heller ikkje varmen, som er noko vi sjølv skaper.

 


Den indre engelen

 

Treng du ein klem i kulda? Du er ikkje den einaste. Verda treng klemmar. Både i bokstaveleg og overført og poetisk og symbolsk betyding. Her har du ein poetisk klem: Du er underbar! (Og då finnast det svar.)

 

Økologisk bevegelse og balanse

Etter ei helg på globaliseringskonferanse har eg synke enda lenger inn i ei politisk boble og har mange (enda fleire) tankar om verda og globalisering.

Det fine med den bobla (og vanskelige) er at du møter så mykje overalt, som du tenker over og reflekterer rundt. Det vert ein raud trå. Verda heng saman, vi kan ikkje berre klippe nokre trådar og styrke andre, det blir ei ubalanse.

La oss satse på balanse i staden for! Her er økologi eit sentralt punkt. Ergo: satser vi balanse, satser vi økologisk.

Heldigvis er det slik at økologisk produksjon og økologiske produkt har blitt meir ønska, kjent og verdsatt. Men med marknaden tar det tid! Produksjon som verken versetter ivaretaking av balanse, miljø eller annsette er ofte dei som tener mest. Derfor syns eg dei som har som mål å bry seg om omgivnedane (både natur og folk) burde få støtte, og at det burde vere dyrare og produsere umiljøvennleg og utetisk.

På globaliseringskonferansen var øko-feministen Vandana Shiva der og snakka om økologisk matproduksjon. For ein herleg ordkombinasjon, det er inspirerande å møte slike mennesker! I månadens Fokevett skrivn Arne Storrønningen om Den nye miljøbevegelsen: Vi ser klart omrisset av ein ny sterk miljøbølge som sikker seg tydelig ut frå dei kollektivistiske folkebevegelsane frå 70- og 80-tallet. Vi handler som individer, men allikevel i fellesskap og som en del av et større, overgripende handlingsmønster (Ulrik Beck).

Minde tankar når eg leste dette: Miljebevegelse? Så spennande! Er dette noko eg kan ta del i? Noko vi kan gjere for å forme historia, endre verda? Eg er med!

ER DU?

 

P.S. Kvifor ikkje kjøpe økologiske julegåver? Det har eg gjort!

peopletree.co.uk
naturalcollection.com
isandi.no (støtter produksjon i sør)
GJENBRUKSBUTIKKAR

 

Decorative Multi Beaded Necklace
striped slipperstreble clef earrings

Bilete frå natural collection og People Tree

Økologisk produksjon tek vare på jorda og naturen, og gjev mindre skade, også på menneske. Allerigar og det som verre er kan vere konsekvensar av umiljøvennlig produksjon. Dessutan får det meir ut av mindre. I staden for å rase rundt og sette frå seg giftige spor, kan vi gå med økologiske fotavtrykk og bidra til harmoni.

VI TAR DET ØKOLOGISK,
FOR VI BRYR OSS OM Å HALDE
HARMONIEN OG BALANSEN
FRISK

 

 

Å skrive kjærleik på armane hennar dagen

Det kan ikkje bli for mykje av gode symobslke dagar, spør du meg!

Dagar som inspirerer. Til det gode. Som dagen i dag! TWLOHA (To Write Love on Her Arms) er ein bevegelse dedikert for menneske som har det vanskeleg, for å oppmuntre, informere, inspirere og hjelpe med behandling og støtte.

I dag laga dei ein dag dei kalla ''To Write Love On Her Arms Day''. Det går ut på å skrive ordet love/kjærleik på armen/armane, for å vise omsorg, støtte og solidaritet med dei som har det vanskeleg.

Eg syns det er kjempefint med ein organisasjon og dag som sprer kjærleik! Vi står saman i denne verda, og det er så fint å sjå at det fins mange som vil støtte og hjelpe kvarandre, og bryr seg, og så fint å ha ein dag for å vise det!

 

Eg deltar på dagen saman med mi kjære tvillingsøster.



Over fem hundre tusen deltar på TWLOHA-day i dag, og mange har delt bilete av det på sida til hendinga. Det er utruleg vakkert og godt og sjå så mykje love!


KJÆRLEIK ER VEGEN.


Link til hendinga: http://www.facebook.com/event.php?eid=279693068238
Link til TWLOHA: http://www.facebook.com/Twlohapage?v=wall

 

 

Kåseri/essay: Help, I am a teenager

No har eg nett hatt stilprøve i engelsk. Temaet var ''teenage problems and teenage culture''. Eg må seie eg har meir sansen for tema i den duren (frie, aktuelle, interessange og personlege, med mogelegheit til å eksrimentere og formidle noko), enn låste og meir begrensa oppgåver.

Eg valde oppgåva der ein skulle skrive ein tekst i sjangeren kåseri/essay med tittelen ''Help, I am a teenager''. Her ser du resultatet! (Ikkje gløym sjangeren når du les teksten - sida den er veldig essensiell for ordlegginga og måten du spelar teksten på i hovudet - og at eg er FORFATTAREN og ikkje hovedpersonen.) God lesing.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

HELP, I AM A TEENAGER!

To be a teenager is like being thrown among the sharks: it's all about survival.

Take this from a teenager: If you have some clear views upon things, anything at all; be ready for a fight. Or maybe just don't fight in the first place. It's better if you just adjust your stands after everyone else's. And then I'm talking about the teenagers of course, we don't listen to adults and especially not the sensible ones.

I mean, if your friends say it's cool to get drunk, then why on earth should you think differently? Are you really that special from everyone else at your age? No, what your friends say is the answer and the law upon what is right and what is wrong. Always answer what you think they would answer, and if you don't know what they would say, don't answer, don't think about, just shut it down. That's the safest thing to do, and the safer something is, the better.

Do you think you have a great idea? Then I suppose you keep it too yourself. Only if you get the sense that people seem to agree on your terms, and almost certainly will like what you say, it could be safe. But you can never be hundred percent sure, so if you're just a little bit insecure about whether it's a good idea or not to tell about your good idea, then the smartest thing to do is probably  to forget about it.

You see, being smart is important, although we try not to show it. Screw being honest and reading books, it's all about tactics. If somebody needs you and it will put you in a dangerous position to help them, always think twice before doing so. If you want to do something, but it might cost you your friends' loyalty, never do it. Don't risk anything, think about yourself. You need people around you, otherwise you won't manage anything.  If you do something without support, it can be the risk of dying, at least emotional. You have to put survival of yourself first. Make sure you have the right friends, the right clothes, and the right position - the safe one. All this you do by keeping updated. And keeping updated mean to be cool, which again mean to fit in.

If you think too much about yourself, and now I'm talking about your personal self, like whom you are and what your style is and that sort of things, you will end up sticking out like a sore thumb.  An easy prey - a clear victim. You think something differently from everyone else, something that is unique for you. Everyone is against you. No one to hide among, it's you and the rest. Not a chance. You'll be dead meat. So just forget about that stuff and live life.


Actually, that's what being a teenager is all about. Living life. Why should you care if someone maybe need you and have expectations of you, why should you care about that little person deep, deep inside of you who is yourself?

 

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Eg håpar du som lesar kan finne noko i tekstane mine, enten det er støtte, humor, forståelse, noko å tenke på, inspirasjon eller noko anna you find comfort in. (Du er hjateleg velkommen til å dele det i tankeboksen aka kommentarfeltet, eller rett og slett vegen du går på.)

PEACE

 

Du er eit hjarte

Hjarter gror rundt oss
Leve blandt dei

Du er eit hjarte
Livet er eit tre


VEKST                                                                                                             ru 10

Eg lev i eit maleri
Eg lev når eg malar

Saman med musikken
som spelar så levande

I takt
med hjartet

Bokrefleksjon og anbefaling: ''Skapsprengere'' og ''Mannen som elsket Yngve''

I går kveld høyrde eg ferdig ''Mannen som elsket Yngve'' av Tore Renberg på lydbok. I dag las eg ferdig Skapsprengere, red. Anniken Huitfeldt og Kurt Ole Linn.

Begge bøkene handlar om identitet, og å vere ung og homofil/bifil. Ei skjønnlitterær og ei sakprosa. I grunn passar dei godt saman, sjølv om dei på mange måter er veldig ulike.

 



''Mannen som elsket Yngve'' er veldig inntrykksfull, og oppslukande vil eg seie. Du blir kasta inn i sterke svingingar, og den gjev eit godt innblikk i livet til Jarle, samtidig som den set i gang tankeprosessar og gjev nye aspekt med livet. Historia til Jarle fortel om å vere ung på 80/90-tallet, og ta stilling til dei verdsomfattande konfliktane som pågjekk, samfunnet, og å ta stilling til sitt eige liv.

Sjølv om boka var tung, var den og vakker og humoristisk. Den har rørt og provosert meg, gitt meg latter i mange ulike former, og rett og slett rista meg innvendig. ''Mannen som elsket Yngve'' er ekstrem, på godt og vondt. Eg ville aldri vore den forutan.

 



I ''Skapsprengere'' fortel 17 personar om å stå fram som homofil, i tilegg til at det er mange artiklar om emnet. Dei tek opp teamet i forhald til samfunnet, skule, kulturar, religion, ungdom og menneske. Det er verkeleg ei bok som opna auga mine for mange tankar, følelsar og ulike perspektiv, og ikkje minst engasjerte meg. Hadde alle lese den, trur eg det ville bidra til eit opnare samfunn.

Eg starta eigentleg med ''Skapsprengere'' for eit halvt år sida. Då vart eg reve inn i boka og leste og leste, til eg måtte ut å fortelje om den. Derfor datt eg ut ei stund før eg fekk lest ferdig, men det passa i grunn fint å avslutte boka når eg hadde fått tid til å la innhalde synke, og reflektert over det ei stund. Den har gjeve meg mykje innsikt. Boka er skreve for å markere den felles ekteskapslova som kom i 2009 - takk Gud for den! (Hehe.)

Når eg skriv om bøker vil eg heller fortelle om oppleveinga av dei og inspirere til å lese dei, enn å avsløre dei gjennom lange handlingsreferat. Begge desse bøkene er bøker eg anbefaler sterkt. Biblioteket er gratis, og her har du gratis livserfaring.

Har du allereie lese dei, kan du jo anbefale bøkene eller gje dei i gåve, det er tross alt snart jul!

Den herlege kunstforma skriving

Å, heldige meg
som får leve
i skrving
med skriving
SKRIVEGLEDE

I dag (før det vart natt) var eg så heldig å ha to timar til novelleskriving. Eigentleg var eg i eit trist og bekymra humør, sliten av lekser og skule. Men så fekk eg desse to timane. Eg høyrde på inspirerande musikk, levde meg inn i eit liv, heile meg, med hjartet og ord, og skreiv og skreiv, tenkte, følte, formulerte, opplevde. Å, for ein rus! Skriverus.

I det sekundet timen var over skreiv eg den siste linja, og var fornøgd. Meir enn fornøgd, glad, lykkeleg, ivrig, sprudlande, full av energi! For ein god måte å starte helga på.

Eg vil gjerne at dei som ikkje allereie har funne ho, skal finne si eiga skriveglede. Du treng ikkje høyre på strenge reglar og krav, det er du som er forfattaren. Det blir ikkje bra om du ikkje vil det sjølv. Det blir ikkje lidenskapeleg om du ikkje bryr deg om orda. Mitt beste råd er å vere FRI når du skriv.

Lausriv deg frå presset. Lytt til deg sjølv. Følg intuisjonen. Lev deg inn i noko. Skriv orda du har i deg, la dei flyte, leve, synge. Ikkje press dei ut, men la dei komme fordi du ynsjer det. Skriv for di eiga skuld, og for det målet du vil nå, og dei du vil berøre, ikkje fordi nokon seier at du må skrive bra. Skriv på din måte, slik du føler for. DU KAN GJERE DET BRA PÅ DIN MÅTE.

Og om det er slik at du får ein karakter på denne stilen, og vert skuffa, så hugs at di skriveglede ikkje kan målast i ein karakter. Det handlar om så mykje meir.

 Skriving kan vere terapi. Skriving gjer livet rikare.

Lykke til med vidare skriving, eg håpar du vil finne glede i det.

Dei kan vere du

''Dei'' kan vere du
Du kan bli omtalt som ''dei''

Eg syns det er tirst å høyre når nokon snakkar negativt om ei heil gruppe, som om ikkje nokon frå den gruppa kan vere ein del av oss. Som om ikkje kvar person i den gruppa er eit enkeltmenneske, slik som deg og meg. Sjølv om nokon er frå eit anna land, har kvart menneske i det landet ei eiga personlegheit.

Eit menneske med følelsar.
Eit menneske med rettigheiter.
Eit menneske med verdigheit.

Det kan vere ein god venn du vil møte seinare i livet. Eller, om dykk ikkje møtast, ein du ville ha trivast saman med.

Dei fleste seier dei er i mot rasisme. Tenk over kva som ligg i å kunne seie og stå for det. Det er flott å vete at ein er i mot rasisme, men ikkje om det er ein tom tanke som flyr avgarde ved eit lite vindpust. Ei slik haldning dømmer ikkje nokon utifrå det overfladiske og ytre, men det indre. Og for å sjå det indre i menneske, må du møte ho eller han med eit åpent blikk, og respekt.

Utifrå den tankegangen er rettferd og likeverd heilt sentralt. Likevell vert mange som treng hjep, eller søker kontakt, møtt med fordommar, og mange vert ikkje møtt i det heile. La oss møte verda, og leve i eit fellesskap. Når det er rom for gode relasjonar, i staden for trange gangar der konflikter oppstår, vert jorda ein betre, meir rettferdig og inkluderande stad å leve på.

Deg

Eg har skreve eit dikt som handlar om at vi alle kan bidra ved å vere oss sjølve, frå hjarterota. Lev som deg, og la ditt indre og alt det gode du har der komme fram. Ikkje la det skjule seg for å følge andre, tenk så mange det vil lede på ein god sti i livet. Og ikkje minst, korleis det leder deg. Vi kan hjelpe kvarandre å finne vegen, i staden for å følgje etter kvarandre ut i grusen.

Det gode
Ikkje reglar
Ikkje kjedelig
Ikkje vondt

Det gode
Deg
Å vere deg
På ein god måte

Det gode
Det du har i deg
Ta det fram

Lytt
Lev
Som deg

Fritt
Levande
Godt


Kunst av Taru Syrjänen, utstilt på Vevringutstillinga. Vudrerte sterkt å kjøpe!


 

Vevringutstillinga - julafta for eit barn av utstillinga

Eg har vakse opp med Vevringutstillinga, og vore der så lenge eg kan hugse.

Det var noko heilt spesielt når veka kom, då det var klart for å starte forberedingane. Vi skulle få vete kven som kom i år, kva kunst dei haldt på med, og ikkje minst møte dei og kunsten deira.

Veka vart brukt til spennande prosjekt, ofte saman med kunstnarar. Dag for dag såg vi skulen utforme seg frå skulen vår, til utstillingslokalet vårt, der Vevringutstillinga endeleg skulle gå føre seg att.

Spesielt det å få mogelegheita til å gå rundt på omvisning saman med kunstnarane, var ei unik oppleving. For det første kjente vi til dei frå før av (sida vi hadde jobba med forbereding heile veka), og var ekstremt spente på å møte dei. For det andre var det heilt spesielt å sjå kunsten, i samband med å høyre kunstnarane fortelje om den, og livet deira, og seg sjølv, i samband med kunsten. For det tredje hadde vi fordupa oss i ein til to kunstnarar kvar, som vi gleda oss å stille spørsmål til.

Noko av det eg er mest takknemmeleg for som tidlegare elev på Vevring skule, og som medlem av kunstbygda Vevring, er at eg har fått delta aktivt på Vevringutstillinga. Å vekse opp med den, har vore magisk. Den ligg mit hjarte nær, og eg vert glad av å tenke på alle dei gode minna.

I samband med utstilinga har eg fått mogelegheit til å utvikle og utfalde meg, møte menneske, høyre om det dei brenn for, og oppleve kunst med eit åpent syn, bli inspirert, engasjert og interessert. Desse verdiane er veldig viktige for meg den dag i dag. Det har gjeve meg eit heilt spesielt forhald til kunst.

At utstillinga står, år etter år, alltid med god, ekte kvalitet, er heilt suverent. Takk til alle dykk som jobbar med å få det til, det er det mange som set pris på. Takk til alle kunstnarane som stiller, og deler kunsten sin. Takk til alle som kjem, og held utstillinga i live. Saman er vi med på å ta vare på ein viktig kultur.

I år hadde eg og Astrid (tvillingsøstra mi) med oss ei venninne, og familien hadde besøk.  Det er vanvittig kjekt å få ha med seg venner , vise dei utstillinga, og oppleve den saman med dei. Den er noko eg er stolt av å vere ein del av, og elskar å dele og fortelje om.


Kunstlykke, med briller av Kari Mølstad

Noko som gjer utstillinga heilt unik, er at bygda er med på å arrangere ho, og deltekt aktivt. I år var eg for fyrste gang på bygdefesten, som er eit godt eksempel på det. Det det var ei unik oppleving. Eg må seie det var mykje kjekkare, og mykje lettare, og ikkje minst meir inspirerande å danse der, enn til technomusikk på eit fortisdiskotek.

Det er ei spesiell oppleving å komme tilbake år etter år, plutselig så mykje eldre. Plutselig gammal nok til å gå på fest, og ikkje lenger eit lite barn blant alle dei vaksne. Men eg er likevell eit barn av utstillinga.

Vevringutstillinga er julafta for eit barn av utstillinga, og eg er ekstremt glad i jul.

www.vevringutstillinga.no

Kreativiteten, min gode venn

Kreativiteten setter pris på det unike, det frie, det inspirerande. Kreativiteten er glad i resultata fordi det var ein god prosess. Kreativiteten tar i mot ulike mønster, ulike tankar, ulike idear, ulike personar. Kreativiteten er glad for akkurat deg, for dine idear, for ditt liv, for dine talent, for dine mogelegheitar, for din innsats.

Den kreativie prosessen er fin å samanlikne med livet, med skulen, og med så mykje anna. Ver glad for den du er, og vegen du går i livet. Det er ikkje det å bli best, å få toppkarakterar, eller å kapre mest pengar, som får ein framover, og gjer ein lykkeleg. Det er stunder langs livet, prosessen, innsatsen, energien, kjærleiken, gleda, godheita.

KREATIVITETEN,
åpen og fri,
min gode venn,
din gode venn,
verdas gode venn.

Den gode fridom

Steng meg ikkje inne. Eg orkar ikkje tilværelsen i eit bur. Sett meg ikkje i bås. Eg kan ikkje leve med begrensingane. Sei ikkje kva eg kan og ikkje kan gjere. Eg må få lov til å prøve. Ikkje drep draumane mine. Dei held meg oppe. 

Den gode fridom byggjer bru for kjærleik og fred, ikkje skiljer og urett. Den gode firdom gjev mogelegheitar, ikkje begrensingar. Den gode fridom er åpen, ikkje splittande. Den gode fridom er ikkje å kunne klatre over andre, men å klatre saman.

Verda vår, verda di

Vi går rundt på jordkloden, i vår eiga verd. I hovudet vårt har vi eit eige sett av tanker, som formast etter vala vi tar, det vi opplever, dei vi møter, og måten vi reagerer på det. Kva vel vi å vektlegge i verda vår? Korleis snakkar vi i verda vår? Kva får oss til å handle som vi gjer, og seie som vi gjer? Og kor mykje av verda vår vel vi å dele med andre?

Vi har sjansen til å åpne oss, og dele verda vår, og få innblikk i verda til andre. Eller vi kan stenge oss inne i den, og halde andre ute.

Verda vår rommar mykje godt potensiale. Det kan vi føle på, lytte til, og utvikle. Eller vi kan blokkere det, manipulere det, og tilbakehalde det.

Du har ei heil verd der du tar vala. Ei heil vakker verd, som det er viktig å ta vare på. For det er ved å ta vare på verda vår, at vi kan ta vare på den verda vi alle har til felles. Omsorg fremjar omsorg.

Hjartets veg


Hjartet kan romme stort og smått
Hjartet kan romme så mykje godt
Velger du hjartets veg, åpner du verda
Velger du hjartets veg, sprer du kjærleik på ferda
Det kan vere tungt, det er ikkje alltid lett
Men å stikke av frå hjartet, vil aldri gjere deg mett

La oss fly avgårde


Fly, fly
Strekkje på vengene
Srekkje dei heilt ut

Kor herleg hadde det ikkje vore å kunne fly. Å reise dit hjartet ditt lengtar, finne inspirasjon og opplevelser. Vere heilt fri. Fri til å fly bort, fri til å fly tilbake, fri til å fry framover.

Det kan du.  Når du ikkje har venger, må du skape dei sjølve. Vi kan alle fly på vår eigen måte.


DU KAN FLY                                          Ragnhild Underlid, 3.september

Å kaste hit og kaste dit


Nokon har planer om å kaste eit fjell i ein fjord, og dei heiter Nordic Minding. I vesten kaster vi mat, klede, møbler, plastikk - vi kastar generelt alt for mykje både hit og dit - skal det bli vanleg å kaste rundt på fjell også? Kva blir det neste?

(Litt info om du ikkje har høyrd om saka: I går var det møte arrangert av Naustdal kommune (muligens det siste, dei skal ta ei avgjering i saka) angåande rutilutvinning i Engebøfjelle, og fjorddeponi, altså: Ta ut nokre bitar mineral frå fjellet og kaste resten i sjøen, i ein prosess som vil ta fleire tiår. Det er eit fjell med like stor mengde mineral i Naustdal, som Noric Minding også har kjøpt opp, men ''ikkje har planar om''. Urettferdig å berre velje Engebø, urettferdig å velje eit i det heile, og dessutan har dei ikkje tatt eit endeleg val. Men det var eit velig bra møte, med enorm energi og stort engasjemang hos folket! Mange lokale (og andre) motstandarar var oppe og talte, og dei var kjempemodige og flinke!)

Kvifor kaste eit vakkert naturlandskap i ein fjord som er bustaden til tusenvis av levande skapningar, og hobbyommråde for interesserte? Det vil også øydeleggje bustaden til eit lokalt folk, og naturområde for busette, besøkande og turistar. Pengar er svaret, og kapitalismen er rota. Så lenge pengar er det som får bestemme, vil svaret alltid vere: meir, meir, meir, og helst litt til.

Utenom pengar, blir det lokka med arbeidsplassar. Men kvifor skal ein busette seg i ei vakker bygd, langt frå sentrum, når det blir ei øydelag bygd med bråk og gruvedrift i stadan for ro og natur, fortsatt langt frå sentrum? Då tar du vekk grunnlaget for det som er unikt for Vevring, og det som gjer at folk busett seg der. Det skal utviklande, og ikkje nedbrytande prosjekt til for å få tilflyttarar.

Kor mykje kan vi godta for å på meir pengar, meir, meir, og helst litt til?
Verda slit nok med den urettferdige måten penger er fordelt i verda, og korleis dei blir brukt. Ho har bruk for at menneska styrer med hjartet og ikkje med pengar. Det er ikkje folket som får overskotet, det er investorar. Vi har nok ressursar, det handlar om håndtering og fordeling. Verda og jorda vår treng rettferdigheit, og ho treng det no. Vegen mot det er rettferdige formast av val og avgjeringar. Kvart val på vegen er avgjerande.

Seier du ja eller nei i dette valet?


Her ser du ut mot Engebø, frå Redal. Er det ikkje magisk?                                      Foto: Wim Lassche

Hjartemønster og hjartevarme

Eg har farga bloggen min med hjarter, fordi eg elskar hjarter, fordi vi treng hjarter, fordi hjarter rommar det gode, fordi hjarter rommar så mykje, fordi hjarter rommar så mange, fordi hjarter er varme, fordi hjarter er symbolet for kjærleik, fordi kjærleik gjev livet meining.

Eg sender hjarter og hjartevarme til deg, spread the love!

Vindens vegar


Jogge, jogge, jogge
Å jogge er kjedelig
Slitsamt
Langsamt
Langt

Beina dunker i bakken
Heile du dunkar i bakken
Brått
Skrått
Rått

Vere fri til å springe
Vere fri til å danse
Vere fri til å gå
Vere fri til å hoppe
Vere fri til å prøve
Vere fri til å forme
Vere fri til bevegelse
etter hjartet
etter sjelen
etter kreativiteten

Humøret er på lag med deg
Kroppen er på lag med deg
Herleg
Motiverande
Meiningsfult

Fame - draumen som får oss framover

I går såg eg Fame oppsetinga til Sogn og Fjordane med ungdommar frå fylket. Det var utruleg underholdande, og innhaldsrikt! Det er så kjekt å sjå mange du kjenner og nye, frå ditt eige fylke, som verkeleg får det til, og gjev alt.

Det som er så fint med teater er at du får sjå så mykje følelsar i ansikta til dei som spelar, og du blir tatt med inn i livet til dei på scena på ein heilt anna måte enn på film, det skjer på ''ekte'', du kan sjå og føle det rett framom deg.

Eg syns det er utruleg bra at ungdom tør å by på seg sjølv og delta på slike arrangemang. Det handlar om mykje det same som Fame; å ha draumar.

Kva skulle vi gjort uten draumar? Eg veit i alle fall at eg ville ha syns det var veldig trist å ikkje ha draumar, som gjev meg inspirasjon og motivasjon. Draumar treng ikkje å vere det umulige, det kan vere det vi håper på, det vi prøvde og fekk til, små sigrar i kvardagen som vi ønskjer å lykkast med. Dei fører oss vidare mot dei store draumane. Dermed kan det også vere framtidige mål, som vi kjem nærare og nærare når vi får til dei små seirane. Av og til går store draumar i oppfyllelse, og då ofte som resultat av ein prosess der draumen var målet.

Alle draumar går ikkje i oppfyllelse, men dei kan bidra til mykje godt på vegen likevel. Verdsett draumane dine i staden for å sørge over dei. Draumar er verdifulle. Dei får oss framover. 

Les mer i arkivet » April 2012 » Mars 2012 » Februar 2012
hits